Heimesigrar for Sæbø og Vartdal:

Vartdal skåra ti mål i første seriekamp

Vartdal starta sesongen i 6. divisjon heime mot Tjørvåg onsdag. Det vart eit svært målrikt oppgjer, og det vart og kampen mellom Sæbø og Flø.

Rolf Audun Vartdal, Isak Juliebø, Jarl Vinjevoll, Steffen Roth, Eivind Vartdal og Karsten Aarset skåra måla for Vartdal mot Tjørvåg.  Foto: Ann Katrin Hjorthaug

Sport

Heime på VD stadion tok det berre fire minutt før Rolf Audun Vartdal gav Vartdal leiinga mot Tjørvåg. Etter 13 minutt dobla Isak Nikolai Vartdal Juliebø leiinga. Eivind Vartdal ordna 3-0 før Steffen Roth auka leiinga på ny. Eivind Vartdal skåra sitt andre mål i kampen etter 39 minutt, og laga gjekk til pause på stillinga 5-0.

Etter kvilen vart det 6-0 etter eit sjølvmål. Roth noterte seg for sitt andre mål etter ein times spel. Karsten Aarset auka til 8-0 etter 72 minutt. Tjørvåg reduserte tre minutt seinare, men Vartdal var ikkje ferdig med skåringsfesten. Roth skåra sitt tredje mål i kampen etter 76 minutt. På tampen av kampen fastsette Jarl Vartdal Vinjevoll sluttresultatet til 10-1-siger for Vartdal. Ein god start på sesongen med andre ord.

Målrikt vart det også på Sæbø stadion. Vertane tok imot Flø. Etter sju minutt sende Andre Mo heimelaget i leiinga. Bjørnar Holen la på til 2-0 etter 30 minutt. Flø reduserte seks minutt før pause, men Thomas Christiansen Hansen gav Sæbø leiinga 3-1 rett før laga gjekk i garderoben.

Fem minutt ut i 2. omgang auka Martin Sandbakk leiinga til 4-1. Skåringar Stian Storeide Jørgensen, Sandbakk, Hansen og Holen gav Sæbø leiinga 8-1. Flø reduserte til 8-2, men Sæbø tok sin første siger for sesongen.