Slo Ørsta på Legene

Full pott for Åmdal

I regntunge forhold var Åmdal hakket betre enn Ørsta 2 onsdag kveld. Vertane gjekk sigrande av bana med resultatet 3-1.

Audun Lillebø og Åmdal-kaptein Vebjørn Steinnes jublar for 2-0-målet.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Medan Ørsta 2 spelte uavgjort mot Sæbø i første runde av 6. divisjon avdeling 2, vart det 5-2-siger for Åmdal borte mot Tjørvåg. Onsdag møttest laga på Legene. I sur vind, kald temperatur og tidvise regnbyger var det Åmdal som starta kampen best. Kampen var berre nokre minutt gammal då Chris Patrick Aspås Kristiansen fyrte av garde eit langskot, og sende Åmdal i leiinga 1-0. Audun Lillebø på venstrekanten til Åmdal skapte ein del problem for Ørsta i 1. omgang.