Nøkkelspelar har signert for Volda

– Eit av dei største keepertalenta i Noreg

Målvakt Hilde Søyseth har vore ein svært viktig spelar for Volda handball dei siste sesongane. No har sisteskansen forlenga kontrakten med Volda.

Hilde Søyseth har signert for to nye år i Volda-drakta.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Ein god dag for Volda handball! Hilde Søyseth har vore ein av nøkkelspelarane i førstelaget dei siste tre åra. Ho har ein redningsprosent på rundt 45 prosent i 1. divisjon i år, og vi ser på Hilde som eit av dei største keepertalenta i Noreg.

Det skriv Volda handball på sine eigne heimesider. 1. divisjonslaget til klubben leverte ein solid sesong og kjempa heile vegen om opprykk. Til slutt vart det ein 4. plass. Arbeidet med å vere klar til neste sesong er allereie godt i gang. At Søyseth er med vidare er eit sterkt signal om klubben blir å rekne med i 1. divisjon også neste sesong.

– Vi er veldig takknemlege for at Hilde vel å satse vidare med Volda Handballklubb og vi gler oss til å følgje med framgongen hennar dei neste åra. Vi er sikre på at den blide og populære målvakta vil gjere ære på laget og klubben, også dei neste to åra.