Klar for semifinale

Storhamar slo Byåsen i begge kvartfinalane i handballsluttspelet. No ventar semifinale mot Tertnes for Malene Aambakk og Storhamar-laget.

Møter Tertnes: Malene Aambakk og Storhamar møter Tertnes i handballsluttspelet for kvinner. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Førre tysdag skaffa Storhamar seg eit godt utgangspunkt for avansement med 26-21-siger over Byåsen på heimebane. Aambakk skåra seks av måla for heimelaget i denne kampen. Fredag vart det litt jamnare på resultattavla, men Storhamar vann returkampen 29–26. Aambakk noterte seg for to mål.

Dermed er Storhamar klar for semifinale i handballsluttspelet. Tertnes vert motstandar. Første kamp vert spelt på Hamar onsdag 1. mai. Returkampen går i Bergen 4. mai. I den andre semifinalen møtest Vipers Kristiansand og Larvik.