Driveklepp vann Haugenfelten

Runar Driveklepp gjekk heilt til topps då skyttarane var samla til Haugenfelten laurdag.

Runar Driveklepp vann Haugenfelten laurdag. 

Sport

Volda-skyttaren (30/21) vann stemnet som samla totalt 72 skyttarar. Haugen skyttarlag var arrangør og Joakim Haugland (30/17) og Arve Halsteinslid (30/16) frå arrangørklubben tok dei to andre pallplassane.

Asbjørn Myklebust (24/9), Hovdebygda og Ørsta skyttarlag, kom på ein 7.-plass i klasse 4. Per Ulvestad (26/11), Hovdebygda og Ørsta, tok 6.-plassen i V55-klassa.

I juniorklassa vart det 3.-plass for Ask Aarsæther (28/22), Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.

I V65-klassa vart det og ein 3.-plass for Hovdebygda og Ørsta skyttarlag. Den stod Knut Riise (30/24) for.