Lanserer skåringsklubb og sesongkortsal

Ørsta IL fotball vil år i selje sesongkort for herrelaget sine heimekampar. I tillegg er skåringsklubben lansert for herre- og damelaget.

Klar for sesongstart: Ørsta IL fotball har i år skåringsklubb i tillegg til sal av sesongkort og supporterskjerf. 

Sport

– Skåringsklubben fungerer slik at du vel å støtte Ørsta IL fotball med eit visst beløp for kvar skåring i 4. divisjon. Vel du å støtte ti kroner og herrelaget skårar 40 mål, så bidreg du med 400 kroner til fotballgruppa etter sesongslutt, seier initiativtakar Silje Liaseth Vinjevoll.

Midlane som kjem inn via skåringsklubben vil ikkje gå til dei spesifikke laga, men til Ørsta IL fotball. Det vil og bli trekt ut premiar blant dei som tek del, og spelarane på både herre- og damelaget skal bidra for at folk skal ta del.

Dei to siste sesongane har det og blitt selt sesongkort til herrelaget sine heimekampar. Det vil også bli gjort i år.

– Tidlegare har vi hatt frikort, men no har vi skikkelege sesongkort. Det er no trykt opp sesongkort med bilete av a-laget på framsida og terminlista på baksida. Dermed skal det vere enkelt å halde seg oppdatert på når neste heimekamp er, seier Liaseth Vinjevoll.

Første heimekamp for herrelaget er fredag 3. mai mot SIF/Hessa. Damelaget startar sesongen 2. mai, og spelar første heimekamp 9. mai.