Hovdebygda har ambisjonar i 5. divisjon

– Det er få lag som skal stå kampane betre enn oss

Hovdebygda leverte ein brukbar sesong i 5. divisjon i fjor med ein 6. plass. Med fleire nye spelarar på plass trur trenar Kenneth Nydahl at laget kan kjempe heilt i toppen av divisjonen.

Hovdebygda 2019: Bak f.v. Kenneth Nydahl, Andre Dvergsdal, Johan Høydal, Skjalg Digernes, Robin Skuseth, Daniel Reza, Tomislav Novak, Roar Willumsen, Aleksander Berget og Frank Ristesund. Framme f.v. Per Ole Egset, Øystein Sætre Hovden , Edin Ribic, Lars Henrik Simonsen, Lasse Strand Gule, Tony Nyrud, Oskar Telvik og Steffen Myklebust. Jonas Sira er ikkje med på biletet. 

Sport

Sidan 2018-sesongen har fleire sentrale spelarar i Hovdebygda takka for seg i mellom andre Martin Roald og Sondre Kårstad Nilsen. Hovdebygda har fått fornya stallen med sju nye signeringar. Robert Roseth er tilbake i klubben etter eit opphald i Rollon. I tillegg er stallen forsterka med Steffen Myklebust, Andre Dvergsdal, Oskar Telvik, Robin Skuseth og Martin Malones. Hovdebygda har og vore på målvaktsjakt og Lasse Strand Gule har meldt overgang frå Volda. Dermed er stallen komplett før sesongen vert sparka i gang heime mot Hasundgot torsdag.