Hospiterer med AaFK - slo Brann

AaFK spelar i den nasjonale G16-serien. I stallen er Ørsta-spelar Herman Mayer.

Det vart 4-1-siger for AaFK med Herman Mayer på laget mot Brann.  Foto: Privat

Sport

Onsdag denne veka vart den første seriekampen i den nasjonale G16-serien spelt for AaFK sin del. På Color Line Stadion kom Brann på besøk. I troppen på femten spelarar var Ørsta-spelar Herman Mayer. Han hospiterer med G16-laget til AaFK. I mars var ørstingen med nasjonalt tiltak på Jessheim med AaFK og i april gjekk turen til Trondheim.

Herman Mayer i aksjon mot Brann på Color Line Stadion.  Foto: Privat

Onsdag vart det ein god start på sesongen i G16-serien. På heimebane var AaFK best og slo Brann 4-1. Trenarduoen Kristoffer Lie og Per Gidlund var godt nøgde med prestasjonen.

- Ein solid prestasjon av spelarane. Dei trefte innertiar på det vi har trent på i oppkøyringa og det vi snakka om før kampen, sa Lie til AaFK si heimeside.

Neste kamp for AaFK og Mayer er heime mot Tromsø 27. april.