Åmdal er optimistiske før seriestart

– Alle vil rykke opp

Åmdal kjempa lenge i toppen av 6. divisjon i fjor, men slokna litt på tampen av sesongen. Med fleire nye spelarar på plass er ambisjonen til trenar Johan Liseth Pedersen at laget skal snuse på opprykk.

Åmdal 2019: Bak f.v. Johan Liseth Pedersen, Jan Ove Steinnes, Chris Patrick Kristiansen, Odd Arne Brynjulfsen, Per Arne Ekremsæter, Emil Følsvik Heltne, Ole-Johnny Lauvstad, Frode Følsvik, Kristoffer Birkeland, Audun Lillebø og Håvard Rotevatn. Framme f.v. Vebjørn Steinnes, Robin Andre Olsen, Mats Winjevoll, Lars-Erik Telseth, Mathias Vasbotn Remmereit, Ole Martin Solgard Ose, Kim Tvedt, Kyrre Fitje og Steffen Dahl Leknes.  Foto: Joachim Åsebø

Spelar for spelar så har vi ein ganske sterk stall

Johan Liseth Pedersen
Sport

– Sesongoppkøyringa har ikkje vore så bra som vi kanskje hadde von om. Vi har hatt varierande treningsoppmøte og vi har ein stor stall. Eigentleg burde det ha vore mange fleire spelarar på treningane, men det er slik det er kvart år, seier Liseth Pedersen som tok på hovudansvaret for Åmdal før denne sesongen.