Sæbø skal bli eit meir spelande lag

– Vi spelar om opprykk eller nedrykk uansett kva divisjon vi er i

Sesongen i 5. divisjon i fjor enda med nedrykk for Sæbø. I år skal spelestilen endrast og det er ikkje noko klart mål om å kome raskast mogleg tilbake i 5. divisjon.

Sæbø 2019: Bak f.v. Stig Harald Myklebust, Vegard Lillebø, Bjørnar Holen, Mats Riise, Martin Sandbakk, Thomas Christiansen Hansen, Alexander Riise Olsen, Olai Eikrem Riise, Henrik Mo, Stian Storeide, Mikkel Riise og Yngve Frøland. Framme f.v. Espen Frøland, Fredrik Mo, Aslak Eikrem Riise, Steinar Taklo, Vetle Myklebust Holen, Lars Urke og Marius Riise. Fremst: Gaute Myhre Holen.  Foto: Joachim Åsebø

Enten spelar vi om opprykk eller nedrykk

Stig Harald Myklebust
Sport

I fjor kjempa Sæbø heile sesongen mot nedrykk. Laget spelte på sine styrker, men det var ikkje nok til at det vart fornya kontrakt. No skal ballen ned på bakken og Sæbø skal utnytte kvalitetane i laget til å bli meir spelande.