Stabiliteten er tilbake for A-laget på Vartdal

– Ser lovande ut for oss

Ny trenar, ny bane og ein god stamme i stallen gjer at det er spor av optimisme på Vartdal. Laget vil bite godt frå seg i årets 6. divisjon.

Vartdal 2019: Bak f.v. Terje Fremmerlid Brandal, Christian Åsen Kristoffersen, Kristoffer Fiksdal, Rolf Audun Vartdal, Are Bjørgum, Steffen Roth og Hans Robert Bondhus. Framme: Karsten Aarset, Eivind Vartdal, Thomas Vartdal, Morten Sætre og Isak Nikolai Vartdal Juliebø. Fremst: Brian Vartdal. Ikkje til stades: Kenneth Holsæker, Petter Ove Sætre, Jarl Vinjevol, Geir Arne Kaspersen, Fredrik Roth, Allan Kjærbech, Marius Østgaard, Arthur Vartdal Midtgaard og Andreas Gamlem.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Før årets sesongen kom Are Bjørgum inn som hovudtrenar for Vartdal sitt a-lag. Med seg i trenarteamet har han Kristoffer Fiksdal som har hatt hovudansvaret dei siste sesongane.