Hjellen Tangen vann med AaFK

Ørsta-spelaren Andreas Hjellen Tangen spelte elitetiltak for G15 i helga. Saman med AaFK gjekk han heilt til topps i turneringa.

Skåring: Andreas Hjellen Tangen skårte eitt mål mot Viking i Oslo. Arkivfoto  Foto: PRivat

Sport

Mange G15-lag var i helga samla i Oslo til elitetiltak. Det var Vålerenga som stod som arrangør for turneringa. Andreas Hjellen Tangen har i lengre tid spelt for kretslaget som i slike turneringar spelar i AaFK sine drakter. I fjor var ørstingen også i Oslo og spelte i elitetiltak for kretslaget. I Oslo møtte AaFK Vålerenga, Viking, Sandnes Ulf, Odd, Jerv, Ham Kam, Start og Bodø/Glimt. Hjellen Tangen gjorde det godt i turneringa. Mot Viking skåra han også eitt mål.

Det vart ei jamn turnerning i Oslo, men gutane frå Sunnmøre gjorde det best av alle. Med eitt mål meir enn Vålerenga gjekk AaFK heilt til topps.

Det er Sander Håskjold Nyland og Thomas Malins som er trenarar for G15-laget.