Ose til Italia og Slovenia

På landslaget: Tora Ose skal til Italia og Slovenia med J16-landslaget. Arkivfoto  Foto: Privat

Sport

Det norske J16-landslaget i fotball skal til Italia og Slovenia for å spele turneringa Delle Nazioni. Landslagssjef Harry Hansen har teke ut Tora Ose i troppen på tjue spelarar. Noreg skal møte Nord-Korea, Mexico og Slovenia. I tillegg skal det spelast ein plasseringskamp. Første kamp er 28. april og siste kamp er 3. mai.