No er banenamnet på Vartdal bestemt

Den nye kunstgrasbana på Vartdal har fått namn. Årsmøtet i idrettslaget har vedteke at namnet blir VD stadion.

Opning: Ole Jørgen Bjørlykhaug skåra i fjor haust det første målet på VD stadion. 4. mai blir det opningsfest for det nye anlegget. Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv  Foto: Janne-Marit Myklebust

Sport

– Den 4. mai inviterer vi til opningsfest. Dette blir ein festdag for Vartdalsstranda og alle er hjarteleg velkomne til å ta del, seier leiar Jon Helge Bjørndal i Vartdal Turn og Idrettslag.