Daniel debuterte med pallplassering i Men’s Physique

– Eg er ein vinnarskalle

Daniel Orlando Aarsheim frå Ørsta debuterte i 3.-plass i Men’s Physique i helga. No ser han fram til å konkurrere med Noregseliten i Oslo Grand Prix.

Pallplass: Laurdag debuterte Daniel Orlando Aarsheim (t.h.) i Sandefjord Open. Det enda med ein 3.-plass.   Foto: Jørgen Orlin

Sport

I mange år var fotballen svært viktig for Daniel Orlando Aarsheim. Etter tre operasjonar i kneet vart fotballskoa lagt på hylla og han starta jakta på ein ny hobby.