1.000 unge fotballspelarar til Volda og Ørsta

– Det blir ein real fotballfest under Kiwi Hallcup i helga.

Kiwi Hallcup: I helga blir stor fotballaktivitet i både Volda og Ørsta under Kiwi Hallcup. F.v. Solveig Storeide, Arne Johan Rebbestad, Rune Nyhammer (Kiwi Meieribygget), Silje Strand (Kiwi Skjellebreida), Henriette Worren (Kiwi Ørsta), Bjørn Telseth (Kiwi Volda), Silje Liaseth Vinjevoll og Arnstein Sandvik.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Det seier Solveig Storeide (VTI fotball) og Silje Liaseth Vinjevoll (Ørsta IL fotball) i cupnemnda for årets hallcup.

– Det er rekordpåmelding til årets cup. Pr søndag kveld hadde vi 1.038 spelarar som skal ta del. Totalt er 158 lag som skal spele og det 35 fleire lag enn i fjor, seier Storeide.

VTI fotball og Ørsta IL fotball har samarbeida om Kiwi hallcup dei siste fem åra. Cupen er for spelarar mellom 7 og 16 år, men arrangørane opplever størst pågang frå dei yngste.

– Det er ei skeivfordeling i alder, men vi meiner at vi har fått til eit kult sluttspel for dei eldste laga. Så er det heidundrande mange unge spelarar som skal i aksjon, og det er veldig artig.

For mange lag blir turneringa i Kiwihallen og Mørehallen den første i år. Laga som tek del kjem frå Måløy i sør til Ravn i nord. I tillegg til fotballsparkinga blir det arrangert disko både i fredag og laurdag. Klubblokala i Ørstahallen blir arena for diskoen fredag kveld, og laurdag arrangerer VTI fotball disko i Volda.

– Det blir den første diskoen i Ørstahallen.

Arrangørane opplever mykje positivtet rundt Kiwi Hallcup og gler seg stort til helga. Det same gjer dei lokale Kiwi-butikkane som sponsar cupen.

– Vi har vore med på Kiwi-cup i svært mange år. Tilbakemeldinga vi får frå Kiwi sentralt er at dette er midt i blinken, og noko dei ønsker å vere med på. Vi treffer vår målgruppe og det er ei fryd for oss å vere med på dette, seier Arne Johan Rebbestad.