Storsiger for Ørsta

Ørsta leverte to gode prestasjonar i Trondheim i helga. Søndag vart Orkanger slått 34-17.

Siger: Joachim Remvikseks av måla til Ørsta borte mot Orkanger.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Laurdag leverte handballherrane til Ørsta årsbeste då dei tapte knipent mot avdelingsvinnar Melhus/Gimse på bortebane.


Årsbeste av Ørsta

Ingen har slått Melhus/Gimse i 3. divisjon denne sesongen. På bortebane var Ørsta nære laurdag kveld i det som prestasjonsmessig var årsbeste av dei lokale handballherrane.


Ørsta kjempar med Molde om å ta 3. plassen i årets 3. divisjon. Borte mot Orkanger tok gjestene raskt initiativet i kampen. Etter åtte minutt auka Joachim Remvik leiinga til 6-2 for Ørsta. Orkanger hadde lite å stille opp med mot eit Ørsta-lag i spelehumør. Ruben Rekkedal Nydahl auka leiinga til 14-6 mot tampen av 1. omgangen, og laga gjekk til pause på stillinga 15-7 til bortelaget.

Ti minutt ut i 2. omgang auka Anders Vatsaas leiinga til ti mål på stillinga 20-10. Ørsta var det dominerande laget og sigeren var aldri truga. Nikolai Sira vart toppskårar for Ørsta med sju mål for Ørsta og dei vann kampen 34-17.

Desse spelte for Ørsta: Bjørn Vik Henriksen, Bendiks Øverbø (1), Jonas Sira (1), Mathias Welle Aam, Joachim Remvik (6), Anders Vatsaas (6), Nikolai Fagerhol Sira (7), Elling Dimmen (1), Ruben Rekkedahl Nydahl (4), Odin Silseth Tømmerbakk (4), Per Ingebrigtsen (3), Erik Melle Scharning (1) og Marius Stinessen Osborg.

Med sigeren klatra Ørsta forbi Molde på tabellen. Molde har ein kamp mindre spelt. Komande helg vert sesongen avslutta for Ørsta sin del med bortekamp mot Langevåg. Ein kamp som Ørsta er favorittar til å vinne.