Klare for storinnrykk i Ørstahallen

Handballgruppa jobbar no på spreng for å spikre detaljane rundt det som skal bli det største arrangementet i gruppa si historie. Den første helga i april kjem 72 handballag til Ørsta for å spele Ørsta Cup 2019.

Ørsta-cup: Marlèn Thunem Raudøy og spelarane er klare til turnering i april. Framme: Lukas Tvergrov, Nathalie Raudøy Bjerkvik, Suzannah Raudøy Bjerkvik, Marlèn Thunem Raudøy, Chriztopher Raudøy Bjerkvik, Falk Mork Stenersen og Ådne Engeseth. Bak: Brage Vatne Haram, Kasper Hovde Brekk, Olav Fossheim Marøy, Leander Sporstøl Ødegård, Storm Mork Stenersen, Johannes Botn Bondhus, Oskar Langlo Moe, Filip Viddal og Gustav Velle. Foto: Eirin Mork Stenersen  Foto: Eirin Mork Stenersen

Sport

Det er handballframtida det vert satsa på i denne første cupen, fortel nestleiar Sven Castberg i ØIL Handball.

– Vi har fått ein fantastisk hall og har no det beste utgangspunktet for å lage store arrangement i åra som kjem. Det var naturleg for oss å starte med dei yngste denne våren. Det er i aldersgruppa 7-12 år vi har flest spelarar i regionen, og med alle søsken og foreldre som er involverte så får vi verkeleg brukt storstova vår. Vi vil også ta med oss nyttige erfaringar til seinare arrangement i ungdomshandballen. Sparebank1 Søre Sunnmøre er med oss som hovudsponsor for turneringa, og med dei i ryggen er vi no klare til å lage handballfest.

Det er Marlèn Thunem Raudøy som har teke på seg prosjektleiarhatten for turneringa, og ho har mange trådar å halde styr på.

– Når ein skal arrangere turnering i denne aldersgruppa, så er det som skjer utanfor handballbana minst like viktig som det sportslege. Det vert blant anna disco på laurdagskvelden, ein haug med hoppeslott og høve til å teste klatreveggen i hallen, fortel Raudøy.

Ho rettar ei stor takk til alle positive foreldre og eldre spelarar i klubben. Eit så stort arrangement krev mange dugnadstimar, og her stiller folk opp.

Marlèn og Sven har no nokre hektiske veker framfor seg saman med prosjektgruppa, men løna ligg i å få oppleve 700 glade handballspelarar i hallen i april.