Ørsta ute av cupen

Ørsta-Bergsøy 4-5

Trenar Vegard Heltne.  Foto: Arkiv - Joachim Kroken Åsebø

Sport

Ørsta nådde ikkje heilt opp på heimebane og må sjå seg slått av Bergsøy i cupen til NM, skriv Nærnett.

Det første målet kom allereie etter sju minutt, og det var Franjo Tepuric frå Bergsøy som skåra. Espen Langlo Driveklepp auka leiinga for bortelaget etter 26 minutt.


Ørsta spelar cupkamp:

– Vi har alt å vinne mot Bergsøy

Søndag spelar Ørsta sin første offisielle kamp i 2019. Bergsøy er motstandar i 1. kvalifiseringsrunde i cupen.

 

I det trettiandre minutt fekk Ørsta sitt første, og tre minutt seinare nok eit, og laga gjekk til pause på stillinga 2-2.

I andre omgang skåra Bergsøy tre mål, før Ørsta reduserte i det 88. minutt, til 5-3.

På overtid fekk Ørsta eit trøstemål, servert av ein Bergsøy-spelar som sette sjølvmål.