Roseth på landslaget

Voldingen Martin Ove Roseth har fått plass i troppen til U21-landslaget som skal møte Finland og Russland.

U21-landslaget: Martin Ove Roseth skal til Marbella med U21-landslaget til Noreg i slutten av mars. Arkivfoto  Foto: Molde FK

Sport

Molde-spelaren har tidlegare vore sentral på G17- og G18-landslaget. Dei siste sesongane har midtstopparen slite med skader, men no er han skadefri. Han er godt i gang med sesongoppkøyringa i Molde under trenar Erling Moe, og tysdag vart det klart at voldingen er tilbake på landslaget. U21-trenar Leif Gunnar Smerud har teke ut Roseth til samlinga på Marbella i slutten av mars. Her skal Noreg spele treningskampar mot Finland og Russland.

– Vi har ein spesiell, og veldig gledeleg, situasjon i år med eit U20-lag som skal til VM. Mange av spelarane som er med å kjempe om plass der er heilt sikkert også aktuelle for oss når haustens EM-kvalik startar. Det gjer at vi no har høve til å sjå ein del andre spelarar på dette nivået, og vi har faktisk valt å gå for ein ganske ung og spennande tropp denne gongen som kjem frå tre litt ulike segment, seier Smerud til NFF.

Roseth tilhøyrer det eldste segmentet som Smerud viser til.

– Vi har 98-gutar som er dei eldste og som fort kjem til å vere ein stamme i dette laget.