Ose og Helle på landslaget

Tora Ose er i landslagstroppen for J16 som reiser til Makedonia i slutten av månaden. Mats Brænde Helle har fått plass på skuggelandslaget til G15.

Samling og talentleir: Mats Brænde Helle skal på talentleir med G15-landslaget og Tora Ose skal på tur med J16-landslaget.   Foto: NFF

Sport

J16-landslagstrener Harry Hansen tok måndag ut ein spelartropp på tjueein spelarar. I slutten av månaden reiser J16-landslaget til Makedonia. Der skal Noreg spele kampar mot Luxembourg, Georgia og Makedonia. Tora Ose, Ørsta IL fotball, er ein av spelarane i troppen. Saman med Benedicte Lund Berge frå Blindheim utgjer dei spelarane frå Møre og Romsdal. Ose var kaptein på J15-landslaget i fjor, og det klart at talentfulle spelaren skiftar beite frå Ørsta til Arna-Bjørnar til hausten.

Måndag vart og uttaket til Equinor Talentleir i Sarpsborg offentleggjort. Mats Brænde Helle frå Volda er i troppen til skuggelandslaget for G15. Saman med Ose var den unge voldingen på talentleir i februar. Samlinga er frå 24.- til 27. mars.

– Målet med samlinga er først og fremst å gi spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen, seier fagansvarleg for landslagsskulen Håkon Grøttland.