Viktig siger for Volda

Etter to strake tap vart det siger borte mot Viking for Volda søndag.

Siger: Maria Ulla vart toppskårar for Volda med fire mål i 26-23-sigeren mot Viking søndag. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Volda var avhengig av å kome tilbake på vinnarsporet mot Viking søndag. Etter tapa mot Follo og Gneist har Follo initiativet om kvalifiseringsplassen til Eliteserien. Etter ein dårleg start på kampen tok Volda initiativet i kampen. Til pause var dei i leiinga 13–11. Då sluttsignalet gjekk vist resultattavla 26-23-siger for Volda.

– No klarte vi å snu ein dårleg trend og ser fram mot møte med Aker kommande søndag i Voldahallen, sa trenar Halldor Stefan Haraldsson til Sunnmørsposten etter kampen.

Med tre kampar att av sesongen er det eitt poeng som skil Follo på 3.-plass og Volda på 4.-plass. Follo møter Ålgård og Fjellhammer på bortebane, og avsluttar sesongen heime mot Gneist. I tillegg til Aker skal Volda spele mot Stabæk borte og Charlottenlund heime.