NM-sølv for Volda

For første gang i eit U19-NM hadde KFUM Volda eit jentelag i finalen. Dei gav KFUM Stavanger god kamp i finalen og jubla for sølv. G19-lag tok NM-bronse.

Sølv: J19-laget til Volda tok seg til finalen i U19 NM i helga. Øvst frå venstre: Sara Marie Krumsvik, Rali Emilova, Astrid Sætre Lid, Anna Maria Aarset, Synne Rørvik Lejon, Maria Brænde, Lea Magerøy Nedst frå venstre: Julie Helle, Ylva Ullaland Bjørdal, Julie Bakkebø, Julie Kolnes, Johanna Vikan Bø  Foto: KFUM Volda

Sport

KFUM Volda har hatt eit svært god helg i NM U19. Gjesdal IL/Austrått IL stod som NM-arrangør og publikum fekk sett mykje god volleyball. J19-laget til KFUM Volda hamna i gruppe med Bodø og Asker. Her vart det to komfortable sigrar, og Volda-jentene vart gruppevinnarar. I 8-delsfinalen vart det tøffare motstand for Volda. Mot ØKSIL måtte det tre sett til. Med 15-6-siger i siste sett vart avansementet sikra. Gjesdal venta i kvartfinalen. På ny vart det ein tett kamp. Gjesdal vann første settet, men Volda kom tilbake med 25-23-siger. I det siste og avgjerande settet vart det Volda-siger 15–12.