KM-sølv for Ariana og Oda

På Stranda vart det fartsfylt for dei lokale alpinistane i helga. Ariana Rebbestad og Oda Brenne tok med seg KM-sølv i Super G.

På start: Ariana Rebbestad klar på starta i helga. Laurdag tok Ørsta-alpinisten KM-sølv i Super G. Foto: Privat  Foto: Privat

Sport

Laurdag vart det køyrt Super G på Stranda, i tillegg til Super-kombinasjon (ein omgang Super G og ein omgang slalåm). På heimebane var Frida Kaldhussæter raskast i Super G J14. Ariana Rebbestad køyrde godt og tok sølv 66 hundredelar bak vinnaren. Jenny Kristin Tvergrov køyrde inn til 8.-plass, Marthe Elise Aarskog Walseth på 9.-plass og Tuva Øye på 11.-plass.

I G14 tok Henrik Stranden 4.-plass og Patrick Andre Haugen 6.-plassen. J16 vart det sølv og bronse for Ørsta. Oda Brenne tok 2.-plassen og Mathea Stranden 3.-plassen.

I G12 tok Isak Arneson Lothe 3.-plassen. For jentene vart det 7.-plass for Anabelle Rebbestad, 8.-plass for Oda Aarskog Walseth og 11.-plass for Anne Sofie Tvergrov.

Den yngste alpinisten til Ørsta, Thea Emilie Haugen, køyrer i J10-klassa. Her vart det 3. plass både i Super G og Super-kombinasjonen.

Pokal: Thea Emilie Haugen køyrer i J10-klassa. Foto: privat  Foto: Privat

I Super-kombinasjonen vart det ein ny 2.-plass for Ariana Rebbestad. I J16 bytta Mathea Stranden og Oda Brenne plassar på pallen. Det vart og ein ny 3.-plass for Arneson Lothe i G12.

I storslalåm søndag var Mathea Stranden klart raskast i J16-klassa. Haugen køyrde inn til 4.-plass i G14. Ariana Rebbestad vart nummer tre i J14. Lothe tok ein ny 3.-plass i G12 og Anabelle Rebbestad vart nummer fire i J12.