Åmdal, Vartdal, Hovdebygda og Ørsta inngår fotballsamarbeid

– Vil ha flest mogleg aktive

Dei lokale fotballklubbane har hatt ein munnleg avtale til spelarovergang i aldersbestemt fotball. No har Åmdal, Vartdal, Hovdebygda og Ørsta formalisert avtalen.

Intensjonsavtale: Dei lokale klubbane har no signert ein avtale som formaliserer overgangar i aldersbestemt fotball. Frå venstre: Jostein Bjørdal (Åmdal IL fotball), Frode Følsvik (Ørsta IL fotball), Vidar Johan Vartdal (Vartdal TIL fotball) og Sindre Skurtveit (Hovdebygda IL fotball). Foto: privat  Foto: Privat

Sport

Hovudformålet med avtalen er å sikre at ingen spelarar i aldersbestemt fotball melder overgang mellom klubbane der dei har eit tilbod i eigen klubb. Dette skal bidra til at klubbane klarer å behalde flest mogleg lag i Ørsta kommune og at fråfallet i fotballen minskar.