4.-plass for Gretland

Hovdebygda IL langrenn stilte med seks løparar i Midt Norsk Meisterskap i langrenn i helga. Jørgen Gretland hadde den beste prestasjonen med 4.-plass laurdag.

Neste på pallen: Jørgen Gretland gjorde det godt på Røros i helga. Det vart 4.-plass og 6.-plass i Midt Norsk Meisterskap i langrenn. Arkivfoto 

Sport

På Røros var mange hundre unge langrennsløparar samla. I G14-klassa fekk Jørgen Gretland god fart på skia. I den fire kilometer lange løypa i fristil gjekk han i mål til ein 6.-plass, 47 sekund bak vinnaren. Nathalie Vatne Aa gjekk inn til 12.-plass i J15-klassa og Håvard Sætre 19.-plass i G15- klassa. I J12-klassa vart det 7.-plass for Dorthea Gretland og 13.-plass for Mia Vatne Aa. I J12-klassa gjekk deltakarane to kilometer.

Søndag stod to kilometer klassisk stil for alle dei lokale løparane. Jørgen Gretland var den som lukkast best og brukte berre 6 minutt og 48 sekund frå start til mål. Det heldt til ein 4.-plass, femten sekund bak vinnaren. Sætre gjekk inn til ein 26.-plass, Nathalie Vatne Aa til ein 11.-plass, Dorthea Gretland til 8.-plass og Mia Vatne Aa til 11.-plass i sine klasser.