Adrian kom sterkt tilbake etter operasjon

– Det var ein periode kor eg ikkje såg spesielt lyst på situasjonen

Adrian Flote frykta at hele sesongen kom til å ryke då han på haustparten måtte gjennom ein mageoperasjon. Det førte til at han miste mange kilo og betydeleg muskelmasse. Hovdebygda- løparen har likevel kome sterkt tilbake.

FIN UTVIKLING: Adrian Flote er frå Ulsteinvik og går for Hovdebygda I.L. Han har hatt ei fin utviklingskurve etter at han kom tilbake frå ein mageoperasjon.  Foto: Svein Halvor Moe

Sport

– Eg må innrømme at det var ein periode kor eg ikkje såg spesielt lyst på situasjonen. Det tok tid før eg kom tilbake i treningsmodus og fekk den ønska framgangen. Det verste med operasjonen var det lange avbrekket og at det forsvann mykje muskelmasse. Det var dessutan ein knute på tarmen som førte til at eg måtte inn under kniven. Treningsavbrekket kom på et dårleg tidspunkt ettersom september, oktober og november er dei viktigaste treningsmånadane for ein langrennsløpar. Det er i den perioden at det trenast mest, seier Adrian.

Det lange opphaldet førte til at han mista mykje av grunntreninga og kom på etterskot i forhold til konkurrentane. 17-åringen var lenge innstilt på at denne sesongen kom til å gå fløyten som følge av operasjonen. No ser han at det kan vere mogleg å prestere i junior-NM på Savalen. For det gjekk betre enn forventa då Adrian sesongdebuterte i noregscupen. Det vart 97.-plass på skøytinga i ei klasse som telte nesten 200 løparar. Det høyrer med til historia at han vart køyrt ned og tapte så mykje som 25–30 plassar på det.