Ørsta-herrane inntek storstova

Søndag er det duka for eit forrykande lokaloppgjer i handballen sin 3. divisjon. Spjelkavik tek turen til Ørstahallen, og det blir herrehandball av høg klasse frå laga som kjempar i toppen av divisjonen.

tIL NY HALL: Mathias Welle Aam og resten av herrelaget til Ørsta har spelt sin siste kamp i den gamle Ørstahallen. Søndag vert det lokaloppgjer i den nye Ørstahallen mot Spjelkavik. Arkivfoto 

Sport

Det ligg mykje god handballhistorie i veggane til gamlehallen vår, men direkte publikumsvennleg kan vi vel ikkje seie han har vore. For nokre har det kanskje gitt litt ekstra spenning at ein kunne ende opp med 110 kilo handballmusklar i fanget. Dette spenningsmomentet har ein ikkje no til helga. Her blir det ei ramme rundt kampen som vi før måtte ha reist langt for å oppleve.

Årets herrelag har markert seg godt i 3. divisjon. Ørsta er jamt over yngre, raskare og meir tekniske enn motstandarane, og dette har gjeve nokre svært underhaldande kampar så langt i serien. Spjelkavik har også stilt ungt i sine kampar, og Ørsta vann 20-18 då laga møttest i haust. Det vil utan tvil vere to angrepsvillige lag vi får sjå i hallen på søndag.

Siste helga i januar var herrane i Trondheim og spelte kampar mot Utleira og Strindheim 2. Dei plukka då med seg to svært komfortable sigrar, men vi kan vente oss hardare motstand denne gongen. Kampstart for herrane er klokka 16.30 på søndag. Møt opp og hei dei fram til siger i den første kampen i storstova vår.

Ynskjer du å varme opp til herrekampen, så vert det spela mykje flott handball heile helga.