Tora og Mats har vore på talentleir

– Tek med meg fotballforståing og gode erfaringar

Tora Ose frå Ørsta og Mats Brænde Helle frå Volda har begge vore med på Equinor Talentleir.

Bak fra venstre: Oskar Siira Sivertsen (Kristiansund), Mathias Fjørtoft Løvik (Molde), Daniel Brandal (Hødd) Foran fra venstre: Filip Kristoffersen (Molde), Mats Brænde Helle (Volda), Syver Skundberg Skeide (Hødd), Nikolai Hopland (Aalesund)   Foto: Norges fotballforbund

Sport

Talentleiren i Sarpsborg har samla dei største fotballtalenta i landet mellom femten og seksten år. Frå Møre og Romsdal var det til saman tolv spelarar som vart tatt ut. Blant desse var Tora Ose frå Ørsta og Mats Brænde Helle frå Volda.

– Eg har møtt mange gode og kjekke fotballspelarar. Det har vore innhaldsrike dagar her. Eg er veldig takksam for at eg fekk lov til å delta på denne talentleiren, seier Brænde Helle.

Tora Ose fortel om eit godt samhald i hennar gruppe.

– Her er mange gode fotballspelarar, noko som gjer det lettare å utvikle seg som fotballspelar i denne gruppa. Det betyr mykje for meg å bli tatt ut og å få spele med vennar og gode spelarar som er like interessert i fotball som meg sjølv. Etter samlinga tar eg med meg enda meir fotballforståelse og gode erfaringar, seier Ørsta-jenta som har vore landslagskaptein for J15-laget i to kampar.

Bak fra venstre: Guro Hammer Røn (Blindheim), Helle Olsen Rindal (Guard), Benedicte Lund Berge (Blindheim) Foran fra venstre: Sanna Andersen Mahle (Træff), Tora Ose (Ørsta)   Foto: Norges fotballforbund

Ose var no ein del av J16-laget under talentleiren. Halvsparten av spelarane skal spele landskamp mot Makedonia i slutten av mars.

Bænde Helle var ein del av G15-laget. Dei vart delt inn i to tropper. I mars er det ei ny samling der det blir delt inn i ein landslagstropp og ein skyggelandslagstropp. Deretter skal G15-landslaget spele kampar mot Austerrike og Italia i månadsskiftet april-mai.