Gull og sølv til Hovdebygda i KM

I helga var dei langrennsløparane i Møre og Romsdal samla til KM fristil i Valldal. Hovdebygda IL langrenn tok to gull og to sølv, i tillegg til fleire gode prestasjonar.

1.- og 2.-plass: Luckas Loe Selbervik og Jørgen Gretland tok sølv og gull under KM fristil i Valldal i helga. Hovdebygda IL langrenn 

Sport

Hovdebygda IL langrenn tok gull i klasse G18 og G14 med Adrian Flote og Jørgen Gretland. I G14-klassa skilde det berre eitt sekund mellom gull- og sølvplassen. Gretland vann duellen mot lagkamerat Luckas Loe Selbervik. Dermed vart både gull og sølv til Hovdebygda på distansen. Marius Saure Riise enda på 7.-plass i G13-klassa.

I J15-klassa gjekk Nathalie Vatne Aa fort og tok sølvmedaljen. Emile Flote gjekk inn til 5.-plass i same klasse.

Det er i klassene frå 13 år og oppover det vert kåra krinsmeistrar. I dei yngre klassene var det og fleire gode prestasjonar av dei lokale langrennsløparane. Dorothea Gretland tok 2.-plassen i J12-klassa med Mia Vatne Aa på 3.-plass og Mathea Loe Selbervik på 5.-plass.