Masdal klar for Røa

– Eg måtte ta sjansen då den kom

Synne Masdal har NM-sølv i fotball og sølv frå Norway Cup med Herd. No går turen vidare til Oslo og Røa for den lovande forsvarsspelaren frå Masdal.
Sport

17-åringen har skrive under på ein toårskontrakt med Toppserie-klubben Røa.

– Det er veldig spennande å no vere Røa-spelar. Det er kjekt å få sjansen til å få ein treningskvardag saman med så gode spelarar, og eg får verkeleg prøve meg mot dei beste, seier Masdal.