Gull og to sølv til Hovdebygda

Under krinsmeisterskapen i sprint i helga tok Jørgen Gretland og Luckas Loe Selbervik, begge Hovdebygda IL langrenn, gull og sølv i sprint klassisk stil.

KM-gull: Jørgen Gretland (nr. to frå venstre) tok KM-gullet i G14-klassa med Luckas Loe Selbervik (t.v.) på 2.-plass. Foto: Hovdebygda Il langrenn 

Sport

Stordal Il langrenn og Liabygda IL arrangerte KM i sprint for langrennsløparane i regionen. Hovdebygda IL langrenn stilte med ein god tropp og hevda seg godt.

I tillegg til gullet og sølvet til Gretland og Loe Selbervik gjekk Nathalie Vatne Aa inn til sølvmedalje i J15-klassa.

I J12-klassa vart det andreplass til Dorthea Gretland og tredjeplass til Mia Vatne Aa. Mathea Loe Selbervik tok femteplassen i same klassa. Desse jentene må vente eitt år til før dei kan delta i krinsmeisterskapen.

Håvard Sætre kom på femteplass i G15-klassa.