Hovdebygda fornyar stallen

Seks nye spelarar er på plass i stallen til Hovdebygda. I tillegg held Kenneth Nydahl fram som hovudtrenar for 5. divisjonslaget.

Seks nye spelarar: Trenar Kenneth Nydahl har fornya kontrakten med Hovdebygda. Spelarstallen er og forsterka med Steffen Myklebust, Andre Dvergsdal, Oskar Telvik, Robin Skuseth og Martin Malones. I tillegg til Robert Roseth som ikkje er med på biletet.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Vi starta oppkøyringa til årets sesong andre veka i januar. Vi er i Mørehallen to gonger i veka med gode fasilitetar, og så fotballtrening eller fysisk økt i Hovdebygda torsdagane. Det blir fysisk økt når det ikkje er baneforhold, og eg vonar at det ikkje kjem før om lag ein og halv månad, seier Nydahl med eit smil.