Ørsta utklassa Utleira

Ørsta trengde ein omgang for å kome skikkeleg i gang borte mot Utleira søndag. Med 21-8-siger i 2. omgang vann Ørsta kampen 37-25.

Siger: Joachim Remvik vart toppskårar i 37-25-sigeren mot Utleira søndag med elleve mål.   Foto: Arkiv/Joachim Åsebø

Sport

Ørsta hadde eit favorittstempel før bortekampen mot Utleira søndag. Laurdag vann dei komfortabelt 42-27 mot Strindheim 2, og det var venta at Utleira om lag var eit like sterkt lag som Strindheim.


Viktig bortesiger for Ørsta

Ørsta var solide borte mot Strindheim 2 laurdag og vann klart 42-27.


Etter ei jamn opning på kampen var det heimelaget som fekk eit initiativ. Midtvegs var Utleira i leiinga 10-6 og dei klarte å halde Ørsta på avstand. Inn mot pause klarte gjestene å kutte ned på forspanget. Odin Silseth Tømmerbakk skåra to mål rett før pause for Ørsta, og Utleira gjekk i garderoben med 17-16-leiing.

Etter kvilen starta Ørsta sterkt. Fem strakre skåringar, der Joachim Remvik skåra fire, gjorde at bortelaget hadde ei firemålsleiing. Avstanden mellom laga berre auka utover i omgangen. Ørsta hadde full kontroll på kampen og Utleira klarte ikkje å henge med. Remvik vart toppskårar for gjestene med elleve skåringar og Anders Vatsaas skåra ti mål. Ørsta vann 2. omgang 21-8 og tok med seg to nye poeng med 37-25-siger.

Dermed vart det full pott i Trøndelag for Ørsta. Laget toppar 3. divisjon eitt poeng føre Melhus/Gimse og tre poeng føre NTNUI 2. Ørsta har spelt tre kampar meir enn laga som jaktar dei. Komande helg er det spelefri for Ørsta. 9. februar debuterer dei i nye Ørstahallen mot Midsund.