Viktig bortesiger for Ørsta

Ørsta var solide borte mot Strindheim 2 laurdag og vann klart 42-27.

Anders Vatsaas (biletet) og Joachim Remvik skåra sju mål kvar mot Strindheim 2 laurdag.  Foto: Arkiv/Joachim Åsebø

Sport

Handballherrane til Ørsta er denne helga i Trøndelag. Første kamp gjekk mot Strindheim 2 laurdag ettermiddag. Heimelaget fekk det første målet i kampen, men Ørsta svarte med fem strake skåringar. Utover i 1. omgang hadde gjestene kontroll på kampen og leiinga berre auka. Christoffer Woldsund skåra det siste målet i omgangen for Ørsta og laga gjekk til pause på stillinga 19-9 til bortelaget.

Ørsta opna 2. omgang med å parkere Strindheim 2. Sju strake skåringar gav stillinga 26-9 og det var ingen tvil om kven som skulle ta med seg poenga frå kampen. Ørsta gav seg ikkje før dei hadde skåra 42 mål i kampen. Sjølv om det losna litt offensivt for Strindheim utover i 2. omgang vart det ein komfortabel 42-27-siger for Ørsta. Joachim Remvik og Anders Vatsaas vart toppskårarar for Ørsta med sju mål kvar.

Med sigeren klatra Ørsta opp på 1. plass i 3. divisjon, men det var før Melhus/Gimse sin kamp mot botnlaget Langevåg var ferdigspelt. Søndag står Utleira på motsett banehalvdel for Ørsta. Laget litt i botnen av divisjonen, og difor bør det vere gode sjansar for ein ny Ørsta-siger. Om det skjer kan det gå mot ei spennande avslutning på sesongen for Ørsta-herrane.