Vartdaling til Toppserie-klubb?

Toppserie-klubben Røa viser interesse for den lovande forsvarsspelaren Synne Masdal.

Til Røa?: Synne Masdal har levert mykje godt spel for Herd. No er både Fortuna og Røa interessert i å knyte til seg 17-åringen frå Vartdal. Arkivfoto  Foto: privat

Sport

Herd og Fortuna har inngått ein samarbeidsavtale der klubbane mellom anna er samde at Herd skal gi frå seg attraktive damespelarar til Fortuna. I Herd spelar både Synne Masdal frå Vartdal og Birgitte Bjørlykhaug frå Barstadvik. Begge spelarane står på ønskelista til Fortuna og trenar Magne Elde, men det er fleire klubbar som er på bana.