Ose og Brænde Helle skal på talentleir

Tora Ose og Mats Brænde Helle er tekne ut til Equinor Talentleir.  Foto: Privat

Sport

NFF har tatt ut spelarar som skal ta del Equinor Talentleir i Sarpsborg i slutten av januar og byrjinga av februar. Tora Ose frå Ørsta er teken ut i J16-troppen. På gutesida har Mats Brænde Helle fått plass i G15-troppen.

– Målet med samlinga er først og fremst å gi spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei vonleg jobbar endå betre i kvardagen, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland.