Fekk jobbtilbod frå AaFK:

– Eg blir i Hødd

Sander Håskjold Nyland fekk jobbtilbod frå AaFK, men ønskjer å bli verande på Høddvoll.

Det er Sander Håskjold Nyland som styrer Høddtreningane i Sindre Eid sitt sjukefråvær. Trenaren fortel at han blir verande i Hødd, sjølv om han fekk jobbtilbod frå AaFK.   Foto: Andreas Bjerknes, Vikebladet Vestposten

Sport

(Vikebladet Vestposten): Onsdag skreiv Sunnmørsposten at AaFK var på jakt etter Hødd-trenaren Sander Håskjold Nyland. Ifølgje avisa ville AaFK ha Håskjold Nyland inn i ei rolle rundt klubben sitt juniorlag og andrelag.

Torsdag leia Sander Håskjold Nyland Hødd-treninga i Ulsmohallen før laget sin første treningskamp i oppkøyringa, borte mot Herd fredag. I Sindre Eid sitt sjukefråvær er det Håskjold Nyland som fungerer som hovudtrenar i klubben, med støtte frå Jesper Törnqvist.