4. plass for Anastasia i Noregscupfinalen

Ørstingen Anastasia Humberseth gjorde det godt i Stiga Noregscupfinale i helga.
Sport

Anastasia Humberseth, som no representerer Tingvoll Bordtennisklubb, var ein av åtte spelarar i Noreg som var kvalifisert til Stiga Noregscupfinale i J15-klassa. Turneringa vart spelt i Skien søndag. Ørsta-jenta som fyller 14 år 22. januar slo Vivian Huynh frå B-72,  Kristine Willassen frå Bodø BTK, Marie Olavesen frå B-72 og Filippa Skjøld-Hinze frå Fokus BTK i puljespelet. I tillegg vart det tre tap for Humberseth. Resultata gav Humberseth ein 4. plass samanlagt.

Christine Kalvatn frå Fokus BTK vann J15-klassa. Ho vann alle sju kampane