Ørsta vann med kalassiffer

Ørsta slo Valder heile 44–24 i Ørstahallen laurdag.

Siger: Joachim Remvik vart toppskårar i 44-24-sigeren mot Valder laurdag med ti mål. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Den siste seriekampen for handballherrane i gamle Ørstahallen vart spelt laurdag. Gjestene Valder tok initiativet i kampen, men frå åtte minutt og ut kampen hadde Ørsta kontroll på bana. Kor poenga skulle hamne var meir eller mindre avgjort til pause då stillinga var 23–11. Etter kvilen heldt Ørsta fram med å dominere. Joachim Remvik vart toppskårar for heimelaget med ti mål. Ørsta tok med seg to nye poeng med 44-24-siger.

Ørsta ligg på 4.-plass i 3. divisjon. Det er eitt poeng opp til Melhus/Gimse på tabelltopp, men leiarlaget har to kampar mindre spelt. Molde og NTNUI ligg på plassane føre Ørsta. Komande helg reiser Ørsta til Trøndelag for å møte Strindheim og Utleira.