Gull til Arnstein

Arnstein Nikolai Ose (G14) tok gull på Trivselshalleikane.

Arnstein Nikolai Ose og Ramona Magdalena Ose.  Foto: Ørsta IL friidrett

Sport

Arnstein Nikolai Ose (G14) har stadig framgang og tok gull i kule med 8,25 m på Trivselshalleikane på Sandane laurdag 19. januar. Dette er ny innandørspers med 4 kg kule, melder Ørsta IL friidrett på heimesidene sine.

Ørsta IL friidrett stilte med to deltakarar på stemnet. I tillegg til Arnstein deltok også Ramona Magdalena Ose (J10) i kule, lengde og 60 m. Både Arnstein og Ramona trenar godt og har god framgang. Resultata lovar godt for innandørssesongen.

Det var god deltaking på innandørsstemnet Trivselshalleikane på Sandane.

Rundt 70 deltakarar var påmelde. Stemnet vart arrangert av Fjellhug/Vereide og STIL.