Kapteinen tek over Åmdal-skuta

– Ambisjonen er sjølvsagt å kunne hevde oss i toppen av divisjonen

I fjor var Johan Liseth Pedersen kaptein for Åmdal. I år vert han spelande trenar for klubben.

Ny trenar: Johan Liseth Pedersen vert ny hovudtrenar for Åmdal. Her jublar han for skåring i sigeren mot Ørsta 2 på bortebane. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Å vere trenar er noko som eg har hatt lyst til lenge, og som eg har lyst til å halde fram med i framtida. Det opna seg ein sjanse i Åmdal då Svein Erik Grevsnes gav seg, og då melde eg mi interesse, seier Liseth Pedersen.

Åmdal hadde ambisjonar om å kjempe i toppen av 6. divisjon i 2018, og laget hang godt med Aksla og MSIL lenge. Til slutt enda det med ein 3. plass i 6. divisjon avdeling 2. Det blir ikkje dei store endringane i spelarstallen til årets sesong.