Fleire hundre tok turen til Bondalseidet

Med gode forhold og skikkeleg vinter tok fleire hundre menneske turen til langrennsstadion på Bondalseidet tysdag kveld.

God deltaking: 160 deltakarar tok del i Sparebank 1 Cup tysdag. Foto: Hovdebygda IL langrenn  Foto: Hovdebygda IL langrenn

Trimrenna har vore eit kjempetiltak

Bjørnar Øye
Sport

Hovdebygda IL langrenn har teke over trimrenn for born etter ØIL Trimgruppa. Frå før har langrennsgruppa arrangert cuprenn på torsdagane, men i år valde dei å slå saman arrangementeta til Sparebank 1 Cup. Tysdag var første utgåve med langrennsstadion som arena. Trimrenna fengjer framleis og det var 160 deltakarar. Med foreldre, arrangørar, besteforeldre og andre var det totalt 300-400 som opplevde ein fin skikveld.

– Trimrenna har vore eit kjempetiltak. No når det ikkje var eit tilbod ønsker vi å gje det, har Bjørnar Øye i langrennsgruppa tidlegare sagt om tilbodet.

Trimrenna skal vere trim, mosjon og tidtaking utan press. Langrennsgruppa skal arrangere fire renn no i vinter. Det skal vere eit til i slutten av månaden, eitt i februar og det siste i mars.

Målgang: Ein stad mellom 300 og 400 personar var innom langrennsstadion på Bondalseidet tysdag. Foto: Hovdebygda IL langrenn  Foto: Hovdebygda IL langrenn

Utan tidtaking

Dei yngste deltakarane gjennomførte ei løype på 500 meter, medan dei eldre gjekk lengre.

– No blir eit tilbod utan tidtaking og ikkje resultatliste for dei opp til sju år. Så blir det eit vanleg skirenn for dei som er sju år og eldre, men det framleis ikkje noko resultat før dei er elleve år, har Dag Jarle Aa i lagrennsgruppa tidlegare sagt om tilbodet.