Volda fossar vidare

Siktar mot eliteserien

Volda hadde ikkje store problem med sikre seg to nye poeng borte mot Førde søndag. Trenar Halldór Stefán Haraldsson seier at dei no har sjansen til å ta steg opp i Eliteserien.

Forsterkningar: Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson er klar på at laget og støtteapparatet treng forsterkningar om det skulle bli eit opprykk til Eliteserien. Søndag vart det 32-18-siger for Volda borte mot Førde. Foto: Joachim Kroken Åsebø/Arkiv  Foto: Joachim Åsebø

Skulle vi rykkje opp må vi sjølvsagt få inn forsterkingar, ikkje minst eit større støtteapparat rundt laget

Sport

– Skal vi ta eit steg vidare må vi fri til heile regionen. Moglegheita for å ta steget opp til eliteserien er absolutt der. Om vi ikkje lukkast i år får vi prøve igjen til neste år, seier Haraldsson til Sunnmørsposten.

I samband med bortekampen mot Førde søndag tok også styret i handballklubben turen, og gjennomførte eit møte. Ifølgje Sunnmørsposten vert det no arbeidd vidare med ein meir konkret plan for den vidare satsinga.