– ØIL er svært fornøgde med å ha ein så solid aktør som Sparebanken Møre med på laget, seier dagleg leiar i Ørsta IL Fotball, Arnstein Sandvik.
Ørsta IL Fotball har om lag 530 aktive medlemmar i dei ulike jente- og gutelaga. Dei siste åra har klubben hatt ei stor auke i talet på aktive spelarar.
– Det er kjekt å sjå at dette gjeld særskilt på jentesida, som klubben har hatt eit spesielt fokus på, seier Sandvik.
– Vi har vore samarbeidspartnar for ØIL fotball i seks år. Vi inngjekk avtale i 2013, same år som vi også gav 1,5 millionar til fotballhallen (Kiwihallen). Dette har vore eit godt og nært samarbeid som vi no ser fram til å fornye med tre nye år, seier banksjef Line Wiik Bjerknes i Sparebanken Møre.
– Med samarbeidsavtalen er Sparebanken Møre med på å gi born og unge gode oppvekstvilkår. Det trur vi vil bidra til at Ørsta også i framtida vil vere ein attraktiv stad å bu, og det er viktig for oss, legg Bjerknes til.
Gåve til nytt tribuneanlegg
Ørsta IL fotball har planar om å bygge tribuneanlegg på Aurstad Arena. Det skal vere sitjeplassar til rundt 250 personar under tak. Sparebanken Møre har no gitt ei gåve på 100.000 kroner til tribuneanlegget.
– Dette bidraget gjer at vi får realisert tribuneanlegget før sesongstart, noko vi er veldig glad for, seier Sandvik.
I samband med bygginga av Ørstahallen har Ørsta IL fotball hatt mellombelse klubblokale. Når hallen opnar i slutten av januar vil klubben og få nye lokale.
– Vi driv også ei populær fotballfritidsordning (FFO), og vi gler oss til å flytte inn i nye lokale i den flotte Ørstahallen.
Eit av satsingsområda for klubben vidare er skulering av trenarar i heile klubben.
– Som kvalitetsklubb har ØIL fotball fokus på best mogleg tilrettelegging for brukarane, og som breiddeklubb ser vi fram til å vidareutvikle eit best mogleg tilbod for brukarane våre.