Arrangerer trimrenn og langrennscup for dei yngste

Vidarefører trimrenna

Gjennom mange år har ØIL Trimgruppa arrangert trimrenn for born om vinteren, men i fjor var siste året. No vil Hovdebygda IL langrenn vidareføre tilbodet, i tillegg til å arrangere langrennscup same dag.

Trimrenn: ØIL Trimgruppa sine trimrenn for born om vinteren har vore populære. I år har ikkje trimgruppa eit tilbod, men Hovdebygda IL langrenn vil no vidareføre trimrenna og slår det saman med sin langrennscup.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Sport

– Trimgruppa hadde siste runde med trimrenn førre vinter, og bestemte seg for å ikkje gå vidare med arrangementet. Vi har arrangerte Sparebank 1 langrennscup torsdagane for born over sju år. No slår vi langrennscupen saman med trimrenna og flyttar arrangementet til tysdag, seier Bjørnar Øye og Dag Jarle Aa i Hovdebygda IL langrenn.

Vidareføring: Hovdebygda IL langrenn, her representert ved Bjørnar Øye og Dag Jarle Aa, vidarefører trimrenna for born gjennom Sparebank 1 cup.  Foto: Joachim Åsebø

Trimrenna i regi av ØIL Trimgruppa har ein populær aktivitet gjennom svært mange år.

– Vi har vore bevisste på å ikkje ha langrennscupen same dag som trimrenna for å unngå konkurranse. Vi skulle vere eit supplement til trimrenna. No slår vi arrangementa saman.

Den første arrangementsdagen vert førstkomande tysdag, 15. januar. Ein forskjell frå tidlegare år er at det ikkje blir like mange renn som tidlegare.

– Vi skal ha fire renn. Det første vert tysdag. Dei neste er 29. januar, 19. februar og siste og avsluttande renn er 12. mars, seier Øye.

– Vi spreier renna utover heile vinteren. Slik som det har vore før har trimrenna hatt dei yngste deltakarane frå null til sju år, medan vi har hatt flest frå sju år og oppover. No vert det eit tilbod til alle gruppene på same dag.

Det blir og nokre forandringar i korleis trimrenna og langrennscupen vert gjennomført.

– Dei eldste deltakarane har tidlegare gått på tid. No blir eit tilbod utan tidtaking og ikkje resultatliste for dei opp til sju år. Så blir det eit vanleg skirenn for dei som er sju år og eldre, men det framleis ikkje noko resultat før dei er elleve år, seier Aa.

Arrangementet i sin heilskap vil vere på langrennsstadion på Bondalseidet.

– Tidlegare har trimrenna halde til nedom barnetrekket ved skisenteret, men no vil alt skje på langrennsstadion, seier Øye.

Dei yngste skal gå ei løype på 500 meter på langrennsstadion.

Langrennsgruppa vonar at trimrenna vil halde fram med å vere populære.

– Trimrenna har vore eit kjempetiltak. No når dei ikkje har eit tilbod ønsker vi å gje det. Det har vore mellom 150–200 deltakarar på trimrenna, og det ville ha vore synd om det ikkje skulle vere eit tilbod til borna som vil gå på ski.