- Åmdal IL viser imponerande dugnadsånd

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har fornya samarbeidsavtalen med Åmdal Idrottslag i ytterlegare to år.

Ole-Magnus Orlien, avdelingsbanksjef i Ørsta og Inger Elin Bjørdal Aam, styreleiar i Åmdal IL.  Foto: Pressefoto

Sport

Det skriv banken i ei pressemelding.

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hatt eit godt samarbeid med Åmdal Idrottslag over lengre tid, og er imponert over dugnadsånda i klubben, seier Ole-Magnus Orlien i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

- Åmdal Idrottslag har mange aktive medlemmar innanfor ulike idrettar. SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal vere med på å skape aktivitet i Ørsta kommune og vi ser på samarbeidsavtalen med Åmdal Idrottslag som eit viktig ledd i dette. Vi ser fram til eit godt vidare samarbeid.