Samla spelarar frå heile Sunnmøre i Volda

– Vi skal vere ein klubb for regionen. Då må vi ha eit slikt tilbod

Volda Handball arrangerte sin første posisjonsskule i handball i romjula. Trenar Halldor Stefan Haraldsson har von å kunne bygge ut arrangementet.
Sport

Laurdag og søndag var unge handballspelarar i alderen fjorten til seksten år samla i Voldahallen. Volda handball arrangert posisjonsskule der spelarane vart trent av 1. divisjonsspelarar og hovudtrenar Halldor Stefan Haraldsson.