NM-sølv for Storhamar og Aambakk

I cupfinalen laurdag vart det favorittsiger til Vipers Kristiansand mot Storhamar.

Tap: Vipers Kristiansand vann cupfinalen mot Storhamar laurdag. For Malene Aambakk og Storhamar vart det sølv, og åmdalingen skåra eitt mål i kampen.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

I Oslo Spektrum vart det laurdag spelt cupfinalen i handball. På kvinnesida skulle to av dei beste laga i Noreg, Vipers Kristiansand og Storhamar, måle krefter. Vipers var favorittar på førehand, og då laga møttest i seriespelet vann Kristiansand-laget kampen 30-19.

Storhamar fekk ein god start på den første cupfinalen i klubben si historie og leverte godt spel. Heidi Løke gav Hamar-laget leiinga 6-4 då det vart spelt tretten minutt. Nokre minutt seinare kom Malene Aambakk på banen for første gang i kampen. Etter tjue minutt noterte 25-åringen seg for si første skåringa då ho utlikna til 9-9. Dei siste ti minutt av omgangen tok Vipers Kristiansand gradvis over initiativet i kampen, og Storhamar vart straffa for feila dei gjorde. Frå å vere i leiinga 9-8 snudde Kristiansand-laget kampen til 14-9. Det var og stillinga då laga gjekk i garderoben.

Etter pause kom Storhamar godt i gang med storskyttar Betina Riegelhuth. Etter seks minutt var Vipers si leiinga nede i to mål, 16-14. To minutt seinare var det berre eitt mål som skilde laga på stillinga 17-16. Vipers løfta nivået på spelet sitt og tok kontroll på kampen. På stillinga 28-20 såg kampen heilt avgjort ut, men Storhamar klarte å skape litt spenning att i kampen i løpet av dei siste minutta. Godt spel frå Storhamar, tekninske feil og utvisningar gjorde at stillinga var 28-25 tre minutt før slutt.

To Vipers-skåringar drepte håpet for Hamar-laget, og Vipers vann finalen 31-25.