Handballjubel i romjula

Det var god stemning og stor jubel i Ørstahallen 2. juledag under romjulsturneringa i handball. Frå handballmiljøet er det von om at juletradisjonen vert med vidare i den nye hallen, og at turneringa kan vekse.

Jubel: Netflix and chill vann dameklasse under romjulsturneringa i handball. Bak. f.v. Karen Øie, Ingvild Fredly Hasle, Elisabeth Sande Arnevik, Synne Repp Hansen og Ane Serine Dimmen. Framme f.v.: Marthe Digernes, Anette Dagfinrud, Tone Krumsvik, Monica Blomberg og Guri Rogne. Gunn Bjørdal fremst. Foto: privat 

Sport

Fire damelag og fire herrelag med både unge og gamle, spelarar med mange hundre handballkampar bak seg og nokre med litt mindre, småskadde og heilt friske spelarar samla seg tradisjonen tru i Ørstahallen 2. juledag. Årets turnering var den siste i den gamle hallen, og med ruskevêr ute var det mange som la turen til hallen.

– Vi har arrangert turneringa to år tidlegare, men i år tok det heilt av. Det var ikkje noko problem med å få tak i nok lag. Vi var fire damelag og fire herrelag, og alle hadde godt med spelarar, seier Monica Blomberg.

I turneringa gjekk Netflix and Chill sigrande ut på damesida. På laget spelte Karen Øie, Ingvild Fredly Hasle, Elisabeth Sande Arnevik, Synne Repp Hansen, Ane Serine Dimmen, Marthe Digernes, Anette Dagfinrud, Tone Krumsvik, Monica Blomberg, Guri Rogne og Gunn Bjørdal. På herresida vann Menisk og prolaps med mellom andre Olav Fossheim Moe, Christoffer Woldsund, Andor Bjerke, Bendik Bjerke og Stian Lid Kleppe.

Åtte lag: Fire damelag og fire herrelag tok del i turneringa. Foto: Privat 

I 2019 er tanken å ta med seg turneringa over i den nye Ørstahallen.

– Vi vonar at dette vil verte ein årleg tradisjon i den nye hallen. Der har vi tre baner og kan dermed ta inn mange fleire lag. I år var vi åtte lag og det tek nokre timar å gjennomføre ei slik turnering. Med ein mykje større hall og område er det mogleg å ta inn fleire lag. I år var det hovudsakleg spelarar frå Ørsta, men det var med nokre voldingar og. Med meir plass kan det kome inn lag utanfrå i tillegg.

Det var ikkje berre mange spelarar som samla seg i Ørstahallen.

– Det var veldig kjekt at det kom så mykje publikum, og det er ekstra kjekt å spele når det er mange som kjem for å heie. I tillegg må vi takke dei som stiller opp for å dømme og hjelpe til med andre praktiske ting. Det gjer susen, og det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre turneringa utan den hjelpa, seier Blomberg.

Jubel: Netflix and chill vann dameklasse under romjulsturneringa i handball. Bak. f.v. Karen Øie, Ingvild Fredly Hasle, Elisabeth Sande Arnevik, Synne Repp Hansen og Ane Serine Dimmen. Framme f.v.: Marthe Digernes, Anette Dagfinrud, Tone Krumsvik, Monica Blomberg og Guri Rogne. Gunn Bjørdal fremst. Foto: privat